Eseløre

Det finst to typar lesarar.

Neida. Det finst mange typar lesarar.

Men det går truleg eit skilje mellom dei som brettar ned sidene og dei som ikkje gjer det. Sjølv eeelska eg gamle pocketbøker, herpa av anten gamle eigarar eller meg sjølv. Bøker som har vorte lesne så mange gonger at dei ikkje lenger ligg flatt på bordet, men sprikar med bølgete ark, akkurat som om innholdet vil ut i verda. No har eg vorte vaksen og konform, og eit av frynsegodene der er bøker med harde permar, som kanskje vert behandla med litt meir aksemd. Inni meg vil det likevel alltid vera ein liten rebell, den som ser på bøker som bruksgjenstandar som godt kan sjå ut som akkurat det. Og av og til, viss eg finn noko veldig fantastisk som eg vil sjå tilbake på, og eg ved akkurat det høvet ikkje har noko for handa, då brettar eg ned eit øøøøøøøøørlite eseløyre. Så veit eg kor eg er, og kor eg skal. Bloggen er ei hjelp til å: a) dele bøker eg liker, b) dele tankar rundt bøker eg har lese og c) kanskje av og til skriva om andre ting.

Bloggen starta i 2015, då som Braut med bok. I 2018 var det på tide med ei haustreingjering, og opp or oska steig altså Eseløre. Velkommen tilbake til meg. Viss du ynskjer kontakt, send e-post til signebraut (a) gmail.com.
PS: Eg veit forresten at det heiter «øyre» på nynorsk, men det vart for mange rare bokstavar på ein gong.

%d bloggarar likar dette: